Øvingar
Vi tilbyr samspel på tre ulike nivå: aspirantkorps, juniorkorps og hovudkorps. Aspirant og junior-korpset øver på Leikanger barneskule, medan hovudkorpset øver på Leikanger ungdomsskule.
Aspirantar
Aspirantopplæringa vår skjer i samarbeid med Sogn kulturskule og rettar seg spesielt mot dei som skal byrje i 3. og 4. klasse til hausten. Som aspirantane får 20 minutt i veka med individuell opplæring i kulturskulen. I tillegg får dei tilbod om å bli med i aspirantkorps i SFO-tida. Oppstart for aspirantkorpset er som regel etter haustferien og tidspunktet vert fastsett i samarbeid med dei det gjeld. Dersom du alt skal byrje i 5. eller 6. klasse, finn vi eit tilpassa opplegg for deg.
Juniorar
Etter eit år blir aspirantane juniorar. Som junior får du 20 minutt i veka med individuell opplæring i kulturskulen + øving med juniorkorpset 30-40 minutt i veka. På slutten av skuleåret øver juniorkorpset saman med hovudkorpset. Året vert avslutta med opptak som fullverdig medlem i hovudkorpset i Leikanger skulemusikk og utdeling av uniform.
Hovedkorpset
Hovudkorpset øver i gymsalen på Leikanger ungdomsskule kvar måndag 17:45-19:45. Lena Skjerdal dirigerer.