Korpslivet

Påmelding og opptak
Du kan melde deg inn når som helst, men hovudopptaket er i juni. Vi anbefalar at du melder deg inn det året du går ut av 2. klasse. Etter innmelding skaffar vi plass i Kulturskulen for individuell opplæring på instrumentet. Lyst til å prøve? Send oss ei melding eller meld deg på her

Aspirant
Du får utdelt instrument av oss og byrjar med individuell undervisning i Kulturskulen ved skulestart.
Etter haustferien byrjar du saman med dei andre aspirantane i eit aspirantkorps.

Junior
Juniorkorpset øver på barneskulen i SFO-tida. Du fortset med individuell undervisning i  Kulturskulen. Utover våren vert juniorkorpset gradvis fasa inn i hovudkorpset. 

Hovudkorpset
Etter to år som aspirant og junior er du klar for hovudkorpset. Hovedkorpset deltek på mange ulike arrangement i løpet av året, også i lag med andre korps i regionen

I tillegg til faste øvingar har vi 2-3 helgearrangement i halvåret, som seminar og konsertar. Vi reiser iblant på overnattingstur, sist til Undredal i juni 2023. 

Av faste dugnader brukar vi å stille med ein kiosk under Kjeringi Open kvar vår.
Korpslivet
Søk
Driftes av Styreportalen AS