Leikanger skulemusikk
LEIKANGER SKULEMUSIKK
 • Bli medlem    • Nyheitsarkiv    • Terminliste    • Instrument    • Uniform    • Jubileumsåret 2018    • Bilder og historikk    • Leikangerkalenderen    • Mp3 filer      • Heim  

 

 

   Bli medlem

Snarveier:
 Logg inn medlem
Antall besøk på siden: 42 740

 

 


Informasjon om tilbodet for skuleåret 2019/20

Frå hausten 2019 tilbyr Leikanger Skulemusikk og Sogn Kulturskule for fyrste gong “Skulemusikanten” - eit skreddarsydd opplegg for nybegynnarar som ynskjer å spela i korps. Skulemusikanten går over to år og inneheld individuell opplæring i kulturskulen i kombinasjon med korps og samspelserfaring. Gå til søknadsskjema

Skulemusikanten første året

20 minutt individuell opplæring i kulturskulen veka i tillegg til deltaking i aspirantkorpset. Aspirantkorpset har øving i SFO-tida mandagar klokka 14:10 – 14:50.

Skulemusikanten andre året

20 minutt individuell opplæring i kulturskulen i veka og deltaking i juniorkorpset. Juniorkorpset har øving i SFO-tida måndagar klokka 14:50 – 15:20. I slutten av andre året øver juniorkorpset i lag med hovudkorpset. Andre året avsluttast med avansement til hovudkorpset i Leikanger Skulemusikk.

Mestring på instrumentet og i korpset

Læraren i kulturskulen vil heile vegen tilrettelegga for den enkelte musikanten og syta for undervisning som både gir mestring på instrumentet og mestring i korpset.

Kven kan melda seg på?

Alle som ynskjer å spela i korps kan melda seg på. I år har vi spesielt behov for følgande instrument: trompet/kornett, klarinett, althorn, baryton og trombone.

Pris

Skulemusikanten er eit samarbeid mellom skulemusikken og kulturskulen, og gir difor ein rimelegare pris. Årleg kostnad per elev er kr 3 000,-.  Ein sparar med andre ord kr 2 000,- i forhold til ordinært medlemskap i korps og kulturskule.

Påmelding

Søknader som vi får inn før 21. juni vil bli prioritert. 1. agust er aller siste frist for påmelding for skuleåret 2019/20. Gå til søknadsskjema 

Spørsmål?

Kontakt oss på leikmusikk@gmail.com eller ring dirigentane Øystein (99158285) eller Lena (97075138) for meir informasjon.



Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Epost: leikmusikk@gmail.com - Org.nr: 993624772