Aspirantopplæring skjer i samarbeid med kulturskulen
Aspirantopplæringa vår skjer i samarbeid med Sogn kulturskule og rettar seg spesielt mot dei som skal byrje i 3. og 4. klasse til hausten. Som aspirantane får 20 minutt i veka med individuell opplæring i kulturskulen. I tillegg får dei tilbod om å bli med i aspirantkorps i SFO-tida. Oppstart for aspirantkorpset er som regel etter haustferien og tidspunktet vert fastsett i samarbeid med dei det gjeld. Dersom du alt skal byrje i 5. eller 6. klasse, finn vi eit tilpassa opplegg for deg.
Opprykk som junior og medlem i hovudkorpset
Etter eit år som aspirant rykkjer du opp til "junior-korpset". Som junior får du 20 minutt i veka med individuell opplæring i kulturskulen + øving med juniorkorpset 30-40 minutt i veka. På slutten av skuleåret øver juniorkorpset saman med hovudkorpset. Året vert avslutta med opptak som fullverdig medlem i hovudkorpset i Leikanger skulemusikk og utdeling av uniform.
Meistring på instrumentet i lag med andre
Læraren i kulturskulen vil tilpasse undervisninga til kvar enkelt musikant og syta for undervisning som både gir meistring på instrumentet og meistring i korpset. I aspirant- og juniorkorpset får du lære samspel og å opptre for andre. I løpet av tida som aspirant og junior får du også opptre saman med hovudkorpset ved ulike høve. I år kan du velja mellom følgjande instrument: trompet/kornett, klarinett, fløyte, althorn, saxofon, baryton, trombone og slagverk/trommer.
Kostnader
Medlemsskap i korpset for aspirant/junior er 250 kr i halvåret. Dette inkluderer samspel i aspirant- eller juniorkorps og lån og forsikring av instrument. I tillegg må ein betale for individuell opplæring i kulturskulen, sjå https://www.sognkulturskule.no/ for oversikt over prisar.
Påmelding
Du finn søknadsskjema her. Ved påmelding til skulemusikken, er det ikkje naudsynt å søkje om plass i Sogn kulturskule (det ordnar vi). Dei som alt har søkt om plass på eit korpsinstrument i kulturskulen vert kontakta av oss.
Frist for påmelding er 26. mai.
Kontakt oss på leikmusikk@gmail.com eller ring Øystein (99158285) eller Katrine W (91769150) for meir informasjon.