Det heile starta med at Leikanger musikklag ynskte å få gutane interesserte i musikk og å skaffe rekruttering til vaksenlaget. Musikklaget gav dei gamle instrumenta sine til skulemusikken og kjøpte inn nye sjølve.
Den 25.januar 1953 vart det vedteke å starta skulemusikklag.
Det vart samtidig skipa eit foreldrelag som skulle støtte skulemusikken. Den vart nedlagt i 1982 og i staden vart det oppretta tiltaksnemnd.
Den første opptredenen var Jonsokafta 1953. Dei reiste rundt med lastebil og spela «Gubben Noa» og «At far min kunne gjera». På plakaten stod det:
«Me skal koma om inkje so brått».
Jentene vart med i skulemusikken frå hausten 1959. I ein periode hadde vi også eigen drilltropp.
Fyrste uniform var i 1956 med kort raud jakke, raud båthue og grå bukse. I 1967 fekk laget nye blå uniformsjakker og huer. I 1971 vart det kjøpt inn tamburuniform. Dei siste uniformene med raud jakke, svart sløyfe og raud båthue vart innkjøpt i 1989. Det var da eit forslag om kvite bukser, men mange av mammaene gjekk i mot dette. Buksene vart svarte.
Den fyrste fana er frå 1958, måla av Klaus Fottland. I 1986 fekk skulemusikken ny fane, også denne var måla av Klaus Fottland. Motivet skulle være det same som på den gamle fana, men denne gongen både med jente og gut.
Første dirigent var Holm Andresen. Etter han har følgjande dirigert i kortare eller lengre periodar: Kristian Husabø, Odd Rutle, Jon Skjeldestad, Lars Nes, Inga Skjånes, Magne Rutle, Marta Johanna Gjengedal, Kåre Asbjørn Byrknes, Henry Kleive, Rolf Andersen, Camilla Bjørke, Roar Sandnes, Sandra Pearce og Dora David.
Medlemstalet i korpset har gått opp og ned. Hausten 1982 var det 49 medlemmar og 18 på notekurs. I dag er det 19 medlemmar i korpset og 7 aspirantar i musikkskulen.
Korpset har opp igjennom åra vore med på mange konkurransar, stevnar og turar. I 1964 var dei på Landsstemne i Oslo, med 20.000 deltagarar. I 1999 vann dei 1. pris 3. divisjon i Sogn og fjordane meisterskapen. I 2012 var skulemusikken på tur til England.