6. og 7. mars vart det arrangert ein liten jazzfestival i Sogndal Kulturhus; Sognajazz. I samband med det er Leikanger skulemusikk, saman med korpsa i Kaupanger og Sogndal inviterte til å delta på musikkverkstad og konsert
Lena Skjerdal og Hans Mark Svedal, begge Høgskulelektorar ved HSF hadde ansvaret for gjennomføringa av verkstaden og konserten. Dei hadde også med fleire inspirerande musikantar som bidrog til å lage dette til ei flott musikkoppleving for skulemusikkborna denne helga.
|