Skulemusikanten første året
20 minutt individuell opplæring i kulturskulen veka i tillegg til deltaking i aspirantkorpset. Aspirantkorpset har øving i SFO-tida mandagar klokka 14:10 – 14:50.
Skulemusikanten andre året
20 minutt individuell opplæring i kulturskulen i veka og deltaking i juniorkorpset. Juniorkorpset har øving i SFO-tida måndagar klokka 14:50 – 15:20. I slutten av andre året øver juniorkorpset i lag med hovudkorpset. Andre året avsluttast med avansement til hovudkorpset i Leikanger Skulemusikk.
Mestring på instrumentet og i korpset
Læraren i kulturskulen vil heile vegen tilrettelegga for den enkelte musikanten og syta for undervisning som både gir mestring på instrumentet og mestring i korpset.
Kven kan melda seg på?
Alle som ynskjer å spela i korps kan melda seg på. I år har vi spesielt behov for følgande instrument: trompet/kornett, klarinett, althorn, baryton og trombone.
Pris
Skulemusikanten er eit samarbeid mellom skulemusikken og kulturskulen, og gir difor ein rimelegare pris. Årleg kostnad per elev er kr 3 000,-. Ein sparar med andre ord kr 2 000,- i forhold til ordinært medlemskap i korps og kulturskule.
Påmelding
Søknader som vi får inn før 21. juni vil bli prioritert. 1. agust er aller siste frist for påmelding for skuleåret 2019/20. Gå til søknadsskjema
Spørsmål?
Kontakt oss på leikmusikk@gmail.com eller ring dirigentane Øystein (99158285) eller Lena (97075138) for meir informasjon.